Nordisk Kvalitetsforbrødring
Nordplus Voksen projekt
Styrke, utvikle og dokumentere vaksenlæraren sin personlege kompetanse og verdiar i lærarprofesjonen
Partnere: VUC Fyn, D, Centrum för arbete og studier Värmdö, S, Nordjyllands Amts Taleinstitut, D, Frædslunet Austerlands, I
Prosjektets målsetting:
Vi er eit tematisk nettverk kalla Nordisk kvalitesforbrødring. Prosjektnamnet vårt er ”Styrke, utvikle og dokumentere vaksenlæraren sin personlege kompetanse og verdiar i lærarprofesjonen”.
Vår problemstilling er: Korleis kan eg i meg sjølv og med mine kollegaer gjennom evalueringsmetodar: Styrke, utvikle og dokumentere personleg kompetanse og verdiar i lærarprofesjonen?
Oppgåveavgrensinga vi har gjort er: Vi ønskjer gjennom metoden; prosess- og produktevaluering å dokumentere at output frå prosessen kan anvendast til praksis for andre kollegaer. På grunn av organisasjonene våre sine ulikskapar, valte deltakarane i nettverket sjølv kva lærargruppe som skulle
delta i undersøkinga. Resultat av undersøkinga skal kunne nyttast til å styrke og sette i gang den tredoble utviklingsspiral: styrke, utvikle og dokumentere.
Gjennom å utføre prosessevaluering i våre organisasjonar, som bygg på langsiktige feedback, der ein ser framover til det næraste ledd, men også systematisk kikar tilbake til det forrige ledd, ønskjer vi å få til ei dobbelt spiralforma feedbackmekaniske: Nettverk - spørjeskjemaundersøking – nettverk - nytt prosjekt (utover 1.10.2006).
Prosjektets arbeidsform:
Arbeidsforma er to samlingar a 3 dagar, email- korrespondanse, arbeid i eigen skule knytt til tema, erfaringsutveksling via email, spørjeskjema – utarbeiding og datainnsamling, analyse, gjennomføringsfase i eigen skule, felles evaluering og sporanalyse, spreiing:
1. samling: Erfaringsdeling, fagleg fordjuping i emnet, utarbeiding av spørjeskjema, prosessevaluere
Mellom samlingane
• Gjennomføre spørjeundersøking på eigen skule
• To av deltakarane møtest for å samordne innkomne data
• Drøfte datamateriale via email
• Drøfte faglege spørsmål gjennom heile prosjektperioden, via email
• Resultata vert løpande gjorte tilgjengelege via email
• Implementering og vurdering av resultata skjer i samarbeid med avdelinga/leiinga på eigen skule og i nettverket
2. samling: Erfaringsdeling, vidare fagleg fordjuping av emnet, arbeide med svara frå spørjeskjema, analysering av data gjennom kombinasjonen av formativ og summativ evaluering, prosessevaluere. Førebu spreiing og implementering.
Prosjektets status:
Ein i nettverket er langtidssjukmeld. Difor er 2. samling flytta frå mai 06 til september 06. Prosjektperioden er ute oktober 2006. Dette var ei vanskeleg avgjerd, men vi tok omsyn til at vi ville ha med alle i heile prosjektperioden. Nettverket ville lide om ein fall frå. Elles er vi i rute i høve Gannt-diagrammet vi har laga. Etter 2. samling har vi ei gjennomføringsperiode i eigen skule/eigen organisasjon. Spreiing av materiale vert også gjort etter 2. samling.
Huvudansvarig: Ulstein Kompetansesenter, Norge ved Torhild Høydalsvik