Förstora eller Förminska
Nyckelord/Keywords
Nyckelordsök
Fritext/Free text
Sök/Search:

Opplæring innanfor kriminalomsorga 2007

Tolv nye fengsel fekk etablert tilbod om opplæring i 2007 og innsette får i større grad tilbod om yrkesretta opplæring.
Dette kjem fram i den nasjonale rapporten om opplæringa innanfor kriminalomsorga i 2007 som no ligg føre. Rapporten inneheld oppsummeringar av tilbakemeldingane frå skulane på ulike sider ved opplæringa og eit oversyn over ein del av aktivitetane til Fylkesmannen i Hordaland.
I følgje Opplæringslova har innsette i norske fengsel same rettar til opplæring som andre. Rapporten fokuserer på det som skal til for at innsette skal få retten sin til opplæring, mellom anna det forvaltningssamarbeidet som trengst for at den einskilde skal få eit best mogeleg tilbod.
Når det gjeld IKT, peikar rapporten også i år på at opplæringstilbodet i fengsla ligg langt tilbake for det som er styresmaktene si uttrykte målsetting for digital kompetanse på alle nivå i det norske skuleverket. Tilrettelegging på dette området er avgjerdande for at opplæringsverksemda i fengsla skal verta likestilt med annan opplæring.
Rapporten viser og at mange skular ikkje har gode nok undervisningslokale noko som fører til dårleg ressursutnytting.

For meir informasjon sjå...

www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=20345&amid=1617475